HemSkogRik blomstring på gran gir utsikter til god konglesanking i Sør-Noreg

Rik blomstring på gran gir utsikter til god konglesanking i Sør-Noreg

Datum: 07.07.2019 Författare: Sara Landqvist Kategori: Skog

Har du tänkt på att granarna blommat rikligt i år? De gör de vanligen bara vart sjunde år. Lär dig mer i texten nedan som är ett gästinlägg skrivet på nynorska av Birgit Sundbø Hagalind som jobbar på det norska Skogfrøverket.

Hannblomstene sitt ofte i knipper i enden av skuddet, mest i nedste del av krona på treet. Dei er runde og rosa i starten av utviklinga, men vil etterkvart strekke seg og bli meir gule i fargen. Foto: Birgit S. Hagalid, Skogfrøverket

Hannblomstene sitt ofte i knipper i enden av skuddet, mest i nedste del av krona på treet. Dei er runde og rosa i starten av utviklinga, men vil etterkvart strekke seg og bli meir gule i fargen. Foto: Birgit S. Hagalid, Skogfrøverket

Den tørre og varme sommaren i fjor har gitt rik blomstring på gran og mange andre treslag i år, og Skogfrøverket førebur seg no på konglesanking i plantasjar og bestand til hausten. Førebels rapportar viser god blomstring i lågareliggande strøk i Sør-Norge. Diverre ser det ut til at det ikkje blir så sterk blomstring i dei områda det er mest naudsynt å få sanka nytt frø.

 

Grana er vindpollinert og når hannblomstene er modne til å sleppe pollenet vil ein kunne sjå store pollenskyer lette frå granskogen når det kjem eit vindkast. Ytst på kvistane høgare opp i treet kan ein sjå dei raude hoblomstene. Foto: Arjan Besemer, Skogfrøverekt
Grana er vindpollinert og når hannblomstene er modne til å sleppe pollenet vil ein kunne sjå store pollenskyer lette frå granskogen når det kjem eit vindkast. Ytst på kvistane høgare opp i treet kan ein sjå dei raude hoblomstene. Foto: Arjan Besemer, Skogfrøverekt

Knoppane til grana dannast sommaren før dei skal bryte. Varmt ver under knoppdanninga i månadsskiftet juni-juli og ein tørr forsommar gir signaler til trea om å anlegga blomsterknoppar. Dermed er det varme og tørre veret i juni og juli fjor ein årsak til at det er mykje blomstring på gran i år.  Sidan blomstringa på gran er sterkt påverka av veret det føregåande året går det ofte mange år mellom kvar blomstring, ein tommelfinger-regel er at grana blomstrar kvart sjuande år. I kjølvatnet av ein vår med blomstring kan ein hauste kongler og frø om alt går bra med pollinering og frømodning i løpet av sommaren.

Landsdekkande frøforsyning til skogbruket

Skogfrøverket har som formål å sørgje for landsdekkande frøforsyning til skogbruket av blant anna gran, og førebur seg no til konglesanking til hausten. Sidan det er mange år mellom gode frøår er det viktig for frøforsyninga til det norske skogbruket at slike år blir utnytta til det fulle. I enkelte område er det viktigare å sanka frø enn andre, fordi frølagera begynner å minka eller eldest. Dette gjeld særleg for Midt- og Nord-Noreg, og midlare og høgare høgdelag i Øst-Noreg. Frølageret for Nord-Noreg består no i hovudsak av frø sanka i 1970. Lageret er stort men frøet tapar seg over tid og det er nødvendig å fornya lageret om ein skal kunne forsyne dette området med frø av god kvalitet i framtida.

Blomstringsprognose basert på klimatiske data

Våren 2019 utarbeida Skogfrøverket ein blomstringsprognose basert på klimatiske data frå Meteorologisk institutt og tidlegare erfaringar og observasjonar. Prognosen viser at det er utsikter til rik blomstring på Sør- og Østlandet og deler av dei indre fjordstrøka på Vestlandet. For Midt- og Nord-Noreg er prognosane meir moderate. Varmt ver i april

Grana er sambu og har både hoblomster og hannblomster på same tre. Hoblomsten sitt i enden av skuddet, oftast i toppen av treet. Fargen varierar gjennom utviklinga og kan vera alt frå lys rosa til sterk purpur, eller lys grøn. Blomsten er fyrst lukka før det som skal bli kongleskjella brettar seg ut slik at pollenet slepp inn i blomsten. Når pollineringa er ferdig lukkar den seg igjen og vil etter kvart snu seg og henge nedover og modne til ei ferdig kongle. Foto: Birgit S. Hagalid, Skogfrøverket
Hoblomsten sitt i enden av skuddet, oftast i toppen av treet.  Blomsten er fyrst lukka før det som skal bli kongleskjella brettar seg ut slik at pollenet slepp inn i blomsten. Når pollineringa er ferdig lukkar den seg igjen og vil etter kvart snu seg og henge nedover og modne til ei ferdig kongle. Foto: Birgit S. Hagalid, Skogfrøverket

førte til å blomstringa starta tidleg i mai mange stader i Sør-Noreg, og mykjer tyder på at blomstringa stemmer godt overeins med prognosen. Det same gjeld diverre for Midt-Noreg; førebels rapportar viser at blomstringa er svakare enn ein kunne ynskje seg før ei konglesanking i dette området. Det er framleis for tidleg å seie noko meir om blomstringa i Nord-Noreg, og ein kan framleis håpa at den blir betre enn prognosane.

Testinga av kongleprøvar

Rik blomstring er berre fyrste trinn i prosessen for å få eit godt frøår med frø av god kvalitet. Gode førehald for pollinering og lite skader av sopp og insekt på konglene er også viktige forutsetningar. Framover vil Skogfrøverket fortsetta å få rapportar om blomstringa, og til hausten startar testinga av kongleprøvar. Fyrst i september har ein godt bilete på kvar blomstringa har gitt sankeverdige bestand og plantasjar.